Sendte Danmark ut av EM
Danmark var avhengige av at Island skulle slå Ungarn. Det skjedde ikkje, for Ungarn vann 24-18. Det gjer at fjorårets verdsmeister er ute av EM.
– Det er eit sjokk. For eitt år sidan spelte dei den beste handballen me nokon gong har sett, og no er dei ute av EM. Eit sjokk er kanskje for mildt, seier Håvard Tvedten, som er NRK sin handballekspert.
Tvedten meiner dette aukar Norge sine gullsjansar.
– No som både Frankrike og Danmark er ute, så opnar det seg opp for eit norsk lag som er i medvind, seier den tidlegare kantspelaren.