Skuffende av Lundby
Alle dei tre norske damene kvalifiserte seg vidare til hopprennet i Oberstdorf laurdag. Maren Lundby hadde ikkje heilt dagen, og enda på ein 16. plass i kvalifiseringa etter eit hopp på 117 meter. Ho seier til NRK at ho slit med sittestillinga. Silje Opseth vart beste norske hoppar på ein 14. plass etter eit hopp på 118,5 meter. Anna Odine Strøm hoppa 112,5 meter som heldt til ein 21. plass. Nika Kriznar frå Solvenia var best i kvalifiseringa med eit hopp på 128 meter.