Andreplass til Skarstein i Dresden
Birgit Skarstein sikra seg ein andreplass i sprintfinalen i para-verdscupen i langrenn bak amerikanske Oksana Masters. Det var første gong para-verdscupen vart arrangert på same stad som verdscupen for funksjonsfriske. – Det var skikkeleg artig. Eg gjekk «full pinne» frå start så dei andre ikkje skulle ta meg att, sa Birgit Skarstein då ho hadde kome i mål.