27 døde etter bygningskollaps
Talet på omkomne etter at ei bygning kollapsa i Magnitogorsk i Russland har stige til 27, medan 14 framleis er sakna. Redningsmannskapane leiter framleis, men håpet for å finne overlevande er minimalt med ein temperatur nede i 27 minusgrader.