Hynne inn til 3.-plass
Norske Hedda Hynne sprang inn til ein tredjeplass på 800-meter i Zurich torsdag på tida 2.00.79. I Italia tidlegare i veka leverte ho eit kjempeløp med tida 2.00.53 og klarte dermed VM-kravet. I kveld måtte ho derimot sjå seg slått av Eunice Jepkoech Sum frå Kenya som vann føre Kate Grace frå USA.