Ulvik herad kommune i Hardanger innfører no strenge smitteverntiltak etter tre nye tilfelle av koronavirus. Totalt ni er smitta i kommunen som har omtrent 1100 innbyggjarar.
Heile barnehagen er sett i karantene, det same gjeld sju av 10 klasser ved Brakanes skule. Organisert trening, treningssenter, kino, bibliotek og andre offentlege samlingsstadar blir stengde. Det er unnatak for gravferder.
Det blir påbod om munnbind når ein skal vere innandørs på offentleg stad, som til dømes butikkar. Det skal òg nyttast heimekontor når det er mogleg.