Varmerekord i Danmark
På årets første dag blei det sett ny varmerekord for januar i Danmark, melder Ekstrabladet. Søndag morgon blei det målt 12,6 grader ved Abed på Lolland. Danmarks Meteorologiske Institut seier dette er unormalt høgt. Den nye målinga slår den gamle rekorden frå 2005 med 0,2 grader.