Vald til nestleiar i mållaget
Lærar Synnøve Marie Sætre frå Ørsta er vald til ny nestleiar i Noregs Mållag. Ho har tidlegare vore leiar i Norsk Målungdom. I tillegg er høgrepolitikar Anders Riise frå Hareid vald inn som styremedlem. Landsmøtet blei arrangert digitalt i helga.