Sigeren glapp for Abrahamsen få kilometer før mål – spurthåp i bakken
Det såg lenge lyst ut for Jonas Abrahamsen som var i brot i om lag 150 av 160 kilometer av den 17. etappen av Tour de France. I lag med Quentin Pacher, Mathieu Burgaudeau og Vincenzo Albanese, hamna Uno-X-ryttaren i brot frå start. Då det var 11 kilometer att, rykte Abrahamsen også frå dei tre andre. Men blei henta inn av hovudfeltet tre kilometer før mål. – Eg hadde eit lite håp, sjølvsagt vanskeleg når det er mange lag som prøver å køyre deg inn. Viss du ikkje prøver, så vinn du heller ikkje. Eg har ein siger og det var det eg prøvde. Читать дальше...
