Politiet avslørte kvar Märtha Louise og Durek Verrett blir vigde
I dokument frå Møre og Romsdal politidistrikt kjem det fram at Märtha Louise og Durek Verrett blir vigde på Vinjevollen i Geiranger laurdag 31. august. Sjølve bryllaupsfesten skal vere på Hotell Union Geiranger. Politiet har søkt Luftfartstilsynet om løyve til å stenge luftrommet over Geiranger i perioden 30. august til 2. september, men NRK og TV 2 har fått løyve til å bruke drone innanfor luftrommet, utanom vigselen og eit par andre høve.
