Oppfriskingsdose – stor forskjell mellom kommunane
Regjeringa har sett som mål at alle over 45 år skal få tilbod om oppfriskingsdose innan midten av januar. Nokre kommunar ligg betre an enn andre i prosessen, viser tal NRK har henta inn frå Folkehelseinstituttet. Heilt øvst på lista ligg Utsira kommune i Rogaland. Der har har 90 prosent av dei over 45 år fått oppfriskingsdose. I andre enden av lista ligg Rødøy kommune i Nordland, der berre 39 prosent av dei over 45 år har fått oppfriskingsdose.