NFF ber ikkje om Serbia-utsetting
Noregs fotballforbund planlegg framleis at Noregs playoffkamp mot Serbia skal gå som normalt for tomme tribunar 26.mars. Ifølgje generalsekretær Pål Bjerketvedt ber dei ikkje UEFA om å utsette kampen, slik Bosnia har gjort, foreløpig.
– Me har dagleg dialog med UEFA og har i bakhovudet at det kan skje endringar. Me veit at UEFA fylgjer dette nøye frå time til time, seier Bjerketvedt til NRK.