Premier League risikerer gigantkrav
10,4 milliardar kroner kan bli summen som Premier League må betale til TV-kanalar som har senderettane for britisk fotball, skriv Independent. Koronaviruset har sett ein stoppar for fotballkampar, men Premier League sjekkar no på ny moglegheitene for å arrangere kampar utan publikum, for å forsøke å få avslutta sesongen på vanleg vis.