12 drepne i amerikansk åtak
0
Tolv antekne al-Shabaab-opprørarar er drepne i to amerikanske åtak i Somalia, opplyser USA sin Afrika-kommando. Åtaka skjedde i Nedre Shabele-regionen på måndag. Så langt i 2019 har dei amerikanske styrkane drepe minst 70 medlemmar av islamistgruppa.