Ras på Dale – same stad som tidlegare
0
![Ras på Dale – same stad som tidlegare](https://gfx.nrk.no/n_JB2k0DLVuWZUHoE1Pdog9Mg_hsEbBiZyoJDxGXPrdw.jpg)
Det har gått eit ras på Dale rett før klokka 21:30 i kveld, viser tips-bilete NRK har fått.
Raset har gått på same stad som det gjekk ras for berre nokre veker sidan.
Ordførar i Vaksdal kommune, Hege Eide Vik, seier til NRK at ho har sett ein video frå ras-staden.
– No må me orientera oss om kva det var og kor mykje det var. Området var allereie stengd, seier ho til NRK.