Lastebil har køyrd av vegen og tatt fyr i Orkland
0
Naudetatane rykker ut til ein lastebil har køyrd av vegen ved Raudvika i Orkland. Vegen er stengd.
Dieseltanken har tatt fyr og det er oppretta ei sikkerheitssone på over 50 meter frå køyretøyet. Det er ingen busetnad i nærleiken.
Brannvesenet er på staden og jobbar med å sløkke brannen.
Hengaren har losna og ligg for seg sjølv.
Køyretøyet er lasta med trelast.