Kuttar kostnader i samferdselsprosjekt
Forseinkingar og for høge prisvekstanslag i ei rekke samferdselsprosjekt, gjer at regjeringa sparer inn nokre kostnader i det reviderte statsbudsjettet.
Oppdaterte anslag for prosjekta ny lufthamn ved Mo i Rana og flytting av lufthamna i Bodø gjer at utgiftene blir reduserte med 312 millionar kroner.
Også tilskota til prosjekta Fornebubanen, Bussveien på Nord-Jæren og Metrobuss i Trondheim blir reduserte med til saman 440 millionar kroner.