Væpna aksjon i Fyllingsdalen – mann arrestert etter dronesøk
Væpna politiet rykte i 5-tida ut til Fyllingsdalen i Bergen, etter melding om ei valdshending.
Ein mann i 40-åra er så langt arrestert, opplyser Vest politidistrikt.
Han vart funne om lag 400 meter frå den aktuelle adressa, ved hjelp av dronesøk, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.
Dei ser også etter ein annan person i området.
Den fornærma i saka, ein mann i 30-åra, er køyrt til legevakt for sjekk. Skadeomfanget er ukjent.
Politiet opplyser at dei ikkje har fått så mange opplysingar frå den fornærma.