Brann i terrenget på Straume
110 Vest melder om brann i terrenget på Straume i Øygarden. Brannvesen er på veg frå Laksevåg og Øygarden.
– Det begynte lite og auka fort på, då det er tørt i området, seier Dan Inge Gjesdal ved 110 Vest.
Det er og vind i området, seier han.
– Det er ikkje langt til næraste bygg, men ikkje så nært at det er akutt.
Riskveg 555 mellom Straume og Arefjordpollen vart stengd på grunn av brannen, men er no open igjen. Det er ikkje fare for bebyggelse per no, melder Vest politidistrikt.