Problema fiksa for Amedia-aviser
0
Fleire av Amedia sine aviser opplevde problem med forsidene på nett og app søndag ettermiddag. Blant anna Nettavisen og Avisa Oslo.
Rundt 18.30 melder Amedia at problema er fiksa.
Kommunikasjonssjef Hallgeir Westrum seier til NRK at dei førebels ikkje har full oversikt over problema.
– Vi opplever ikkje ustabilitet lenger, og jobbar vidare med å få fullstendig oversikt over hendinga, seier Westrum til NRK.