Foreslår å utsetje innføringa av Helseplattforma
Dei tre tilsett-representantane i Helse Møre og Romsdal går inn for å utsetje innføringa av Helseplattforma ved sjukehusa. Dette vedtaket må gjerast så snart eit beslutningsgrunnlag ligg føre, heiter det i forslaget.
– Unødig forseinking av eit vedtak om utsetjing vil innebere reduksjon i aktivitet og forverring av økonomisk situasjon. Dette må unngåast, heiter det i forslaget til vedtak.
Representantane meiner at innføring i april ikkje kan gjennomførast utan uakseptabel risiko.
Dei trur heller ikkje at utviklinga av Helseplattforma fram mot neste styremøte endrar dette bildet.
Forslaget blei sett fram av styremedlem Torgeir Sand Aas.
I innlegget sitt minte Sand Aas om at fleire punkt i samband med Helseplattforma har raudt risikonivå.
Styreleiar Ingve Theodorsen seier at styret ikkje har moglegheit til å gjere eit vedtak om utsetjing no.
– Det ligg ikkje føre ei komplett risikovurdering no, sa Theodorsen. Vurderingane må gjerast i samarbeid med Helse Midt-Noreg, sa han.
– Vi meiner vi har beslutningsmynde på det som har med pasienttryggleik å gjere, repliserte Sand Aas.
Dei tilsette sitt forslag om å utsetje Helseplattforma no fall. Derimot fekk dei tilsette inn eit punkt om at eit vedtak om utsetjing må gjerast så snart det er grunnlag for det.
Ifølgje det endelege vedtaket ser styret i Helse Møre og Romsdal alvorleg på manglande kapasitet i føretaket i samband med innføringa av Helseplattforma, og at føretaket må gå i dialog med St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag for å få nok personell i samband med innføringa.