Nato vil gi grensehjelp til Polen
0
Nato sine medlemsland uttrykker full støtte til Polen og er klare til å gi ytterlegare hjelp, seier ein kjelde i Nato. Alliansen heldt onsdag eit møte bak lukka dører om situasjonen, skriv NTB.
– Dei allierte har gjort det klart at Kviterussland er ansvarleg for krisa, og at Lukasjenkos bruk av migrantar som ein hybrid taktikk er umenneskeleg, ulovleg og uakseptabel, seier den anonyme kjelda i Nato.