Turistar henta frå Hardangervidda
Dei to turistane som sat fast i fjellet ved Remdedalsvatnet er no henta ned ved hjelp av helikopter. Den eine personen skal vera skadd, men ikkje alvorleg. Dei to vart floge til Simadalen der ein ambulanse tok dei vidare til Voss legevakt for oppfølging og sjekk.
Det var i 14.30-tida onsdag at politiet fekk melding om to turistar som ikkje kom seg ned frå fjellet på Hardangervidda. På grunn av vind og tåke sleit mannskap og helikopter lenge med å få ned personane.