Fekk delar av mur over seg
0
Ein mann i Bergen får hjelp av naudetatane etter at han fekk delar av ein mur over seg. 70-åringen skal vere oppegåande, men ha kutt i hovudet og i ein fot. Muren høyrde til ruinane av ein eldre fjøs, men omstenda er ukjende, melder politiet.