Utsett breiddehandballstart
Som følgje av koronapandemien blir dei første kampane i 2. divisjon handball tidlegast spelte i desember. I lågare divisjonar blir det ingen kampar i år. Det er konklusjonen etter at Norges Håndballforbund har gjort ei ny vurdering av sesongen for breiddehandballen basert på dei siste signala frå regjeringa rundt gjenopning av idretten. Regjeringa har gitt grønt lys for trening og kampar i 2. divisjon frå 12. oktober.