Sørloth scora sitt 17. ligamål
Alexander Sørloth scora sitt 17.-ligamål for sesongen då Trabzonspor slo Sivasspor 2-1. Sørloth er toppscorar i den tyrkiske ligaen.
Målet gav Trabzonspor leiinga etter berre fire minutt. Sørloth scora etter pasning frå Badou Ndaye, som han spela saman med i Bodø/Glimt.
Sørloth skulle opprinneleg vore utestengd frå kampen etter utvisninga førre helg. Men straffa blei redusert frå to til ein kamp, som Sørloth sona i cupen torsdag.