Johaug vann då junior imponerte
18 år gamle Helene Marie Fossesholm imponerte alle då ho gjekk inn til ein femteplass på fellesstart i 10 kilometer fristil i Falun. Juniorløparen hadde også eit lite fall, men kom likevel berre 36 sekund bak Johaug som vann. Johaug fekk lenge god konkurranse frå svenske Ebba Andersson som til slutt tok andreplassen før Heidi Weng på tredje, og Astrid Uhrenholdt Jacobsen på femteplass.