Fannemel operert på nytt
Skihoppar Anders Fannemel har måtte opererer menisken på nytt etter at han tidlegare i sommar fall stygt under trening i Wisla og rauk korsbåndet. Nordfjordingen må difor førebu seg på seks nye veker på krykker. – Det er sjølvsagt kjedeleg og uvanleg å gå rundt på krykker no som vinteren nærmar seg, seier han til NRK. Sjølv om kommande sesong ryk, er 28-åringen klar på at han vil satse vidare. – Eg føler eg har noko uoppgjort i bakken og vil prøve og få fleire resultat og lange hopp i bakken.