WADA utsett Russland-avgjersle
Russland sitt svar til Verdas antidopingbyrå (WADA) på mistanken om at Moskva-laboratoriet sine database var manipulert er så omfattande, at det planlagde møtet på onsdag er avlyst, ifølgje New York Times. Russland hadde krav om å legge fram krava før onsdag og planen var at partane då skulle møtast. Når eit nytt møte vi finne stad er førebels uvisst. Ifølgje den russiske idrettsministeren Pavel Kolobkov skal alle dei 31 spørsmåla frå WADA vere svara på.