Stjernene tapte for ungdommen
Verdseinar Novak Djokovic og trear Roger Federer tapte kvar sin kvartfinale i ATP Masters-turneringa i Shanghai fredag.
Begge vart slått av framstormande stjerner. Djokovic vart slått av 21 år gamle Stefanos Tsitsipas, medan Federer måtte takke for seg etter tap mot 22 år gamle Alexander Zverev.
– Han fortente å vinne. Han var den beste spelaren i andre og tredje settet. Eg opna bra, men var ikkje skjerpa nok, sa Djokovic etter å ha tapt 6-3, 5-7, 3-6.
Seinare fredag vart Federer slått ut med 3-6, 7-6, 3-6 mot tyskaren Zverev. I det andre settet redda Federer ikkje mindre enn fem matchballar, men måtte gi tapt i det tredje settet.