Machado angrar ikkje på at ho gav bor fredsprisen
Nobelprisvinnar Maria Corina Machado seier ho ikkje angrar på at ho gav bort fredsprisen til USAs president Donald Trump i januar.
– Det er ein statsleiar i verda som sette livet til sitt lands borgarar på spel for Venezuelas fridom, sa ho på ein pressekonferanse i Madrid laurdag, melder AFP.
Ho gav Nobelmedaljen sin til Trump då ho møtte han i Det kvite huset to veker etter at han hadde beordra amerikanske soldatar til å angripe Venezuela og gripe president Nicolás Maduro.
Den norske nobelkomiteen gjorde det klart at fredsprisen ikkje kan kallast tilbake, delast eller bli overført til andre.
