Alvorleg skadd i arbeidsulykke på Stord
Naudetatane rykte fredag ettermiddag ut etter melding om mogleg arbeidsulykke på Aker Solutions på Eldøyane på Stord.
Ein person framstår som alvorleg skadd, skriv politiet i ei oppdatering klokka 14.58.
Ulykka har skjedd i samband med arbeid, men så langt er det uklart kva som har skjedd, opplyser Helen Rygg Ims, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.
Politiet vil undersøkja nærare for å finna ut korleis ulykka skjedde.
