Tre fengsla i fire veker for narkotikalovbrot
Tre menn er fengsla i fire veker sikta for eit narkotikalovbrot. Det går fram av fengslingsdokument frå Nordmøre og Romsdal tingrett.
Politiet stoppa ein bil for ransaking i Rauma måndag. I fengslinga står det fram at politiet fann kvitt pulver i bilen og at dei trur det kan vere snakk om 1,2 kilo med kokain.
Advokatane til dei tre sikta seier at dei ikkje erkjenner straffskuld.
Retten meiner at det er fare for at dei tre kan påverke bevisa og samkøyre forklaringar om dei blir slopne fri. Dei gjekk difor med på politiet sitt krav om å fengsle dei tre mennene.
