PST om «utrygg-hendinga» til kronprinsessa: – Kommenterer ikkje enkeltepisodar
På den siste dagen under kronprinsesse Mette-Marit sitt opphald i Epstein sin villa i Palm Beach i 2013, gjorde seksualforbrytaren kronprinsessa utrygg.
Såpass utrygg at ho ringte kronprinsen. NRK har spurt om PST vart varsla av enten kronprinsen eller kronprinsessa om denne hendinga, den gongen.
– PST kommenterer ikkje enkeltepisodar eller konkrete hendingar, seier kommunikasjonsrådgjevar Eirik Veum til NRK.
E-postkontakt kor kronprinsesse Mette-Marit koordinerer besøket i 2013 gjennom Epstein sine assistentar, viser at kronprinsessa skal ha hatt med seg ei livvakt under besøket. Ifølgje ein e-post frå kronprinsessa budde livvakta på eit hotell i Palm Beach, og ikkje i villaen til Epstein.
10. februar kalla PST inn til pressekonferanse for å blant anna gjere meir greie for livsvakttenestene opp mot Kongehuset.
Der sa PST-direktør Hanne Finanger at livvaktene ikkje har heimel til å gjere bakgrunnssjekkar på folk kongefamilien møter.
– Livvaktene si primæroppgåve er fysisk personbeskyttelse. Livvakter er ikkje personlege eller faglege rådgjevarar, sa Finanger.
NRK har også spurt Slottet om enten kronprinsessa eller kronprinsen tok kontakt med politiet etter hendinga som gjorde kronprinsessa utrygg. NRK har så langt ikkje fått svar.
