Traktorulykke i Volda – person er vaken
Naudetatane rykker ut til ei traktorulykke i Volda kommune. Ein person er involvert.
– Personen kan snakke og er vaken, men ligg og har smerter, seier operasjonsleiar i politiet, Renate Olin Solheim Lysvik.
Traktoren skal ha velta i samband med jobbing. Personen skal ha vore inne i hytta, og ikkje fått traktoren over seg, ifølgje politiet.
I ei oppdatering klokka 13:10 opplyser politiet at dei er framme på staden, og personen er frakta vidare med ambulanse.
