Støre: Krigen i Midtausten kan få store følger for verdsøkonomien
– Eg trur ikkje vi er ein del av denne krigen. Vi starta han ikkje, men vi blir alle påverka av han, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på spørsmål på spørsmål om krigen i Midtausten etter angrepa frå USA og Israel mot Iran.
Han understreka at det no er viktig at folkeretten blir respektert.
– Det er eit tydeleg bodskap frå oss: Internasjonal rett må bli respektert, sa statsministeren.
Støre sa samstundes at mange land er uroa for ei vidare opptrapping av konflikten.
Han peika også på at krigen kan få store konsekvensar for verdsøkonomien, mellom anna gjennom situasjonen rundt energiforsyninga i Golfen.
Sundag er det ein felles pressekonferanse med Canada og dei fem nordiske landa Danmark, Finland, Sverige, Norge og Island.
