Støre: Ingen planar om atomvåpen i Noreg
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier Noreg ikkje vil endre politikken sin om atomvåpen.
– For Noregs del endrar vi ikkje politikken. Det blir ingen utplassering av atomvåpen i Noreg, seier.
Han peika samstundes på at Noreg er medlem av Nato, som bygger tryggleiken sin på atomavskrekking.
Støre sa også at Noreg er open for samtalar med Frankrike om strategisk samarbeid, men at det ikkje må svekke den atomavskrekkinga som alliansen allereie bygger på.
Sundag er det ein felles pressekonferanse i Oslo med statsministrane frå Canada og de fem nordiske landa Danmark, Finland, Sverige, Noreg og Island.
