Trump: Iran er villige til å forhandle
USAs president Donald Trump seier at Iran har gått med på samtaler. Det melder nyheitsbyrået AFP.
– Dei ønsker å snakke, og eg har gått med på det. Så eg kjem til å snakke med dei, seier Trump i eit intervju med The Atlantic.
Tidlegare sundag opplyste Oman at Irans utanriksminister Abbas Araghchi har sagt at Teheran er open for seriøse initiativ for å trappe ned konflikten, melder Reuters.
Utsegna skal ha kome i ein telefonsamtale mellom dei to utanriksministrane sundag, ifølge omanske styresmakter.
Oman har fungert som meklar mellom Iran og USA, mellom anna i dei indirekte atomsamtalane der partane sist møttest i februar.
