Medaljen glapp for dei norske curlingherrane
Det blei ingen OL-medalje for Magnus Ramsfjell sitt curlinglag. Sveits blei for sterke i bronsekampen og sørga med 9-1 for at Noreg enda på den sure fjerdeplassen.
– Sveits har vist at dei er det beste laget som har spelt her. Det er fortjent at dei får ein medalje. Det hadde nesten vore trist om dei ikkje fekk det, seier Magnus Ramsfjell til NRK.
Etter ein poenglaus opningsomgang, tok sveitsarane leiinga med tre poeng i andre omgang etter eit uheldig norsk treff.
Sveits la på til 4–0 i tredje omgang.
– Det vil seg ikkje heilt i denne kampen så langt, konstaterte NRK-kommentator Patrick Sten Rowlands undervegs.
Først i femte omgang fekk Noreg sitt første poeng og reduserte til 1–4.
I den åttande omgangen tok Sveits to nye poeng og i det niande takka det norske laget for seg.
