Idrettshall i Bergen evakuert: – Brenn i heile den eine veggen
Ein idrettshall i Åsane i Bergen blir evakuert etter melding om brann og røykutvikling på staden.
– Brannvesenet er på staden. Brenn i heile den eine veggen, melder operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt.
– Brannen har gått i takkonstruksjonen, alle skal vere ute av bygget, melder vaktleiar Børre Brekkvassmo i 110 Vest.
Det er så langt ikkje vurdert at det er fare for spreiing til andre bygg, eller at evakuering frå nabohus er aktuelt, melder politiet klokka 18.31.
