Sikkerheitssone blir innført rundt nye regjeringskvartalet
Ei sikkerheitssone rundt det nye regjeringskvartalet blir innført der bilar og lastebilar skal bli kontrollerte.
Mjuke trafikantar kan framleis ferdast fritt.
– Sikkerheitssona er laga for å beskytte menneske og funksjonar, men må sjølvsagt fungere i ein levande by, seier Kjetil Bjørnsrud, kommunikasjonssjef i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) i ei pressemelding.
Innflyttinga i nytt regjeringskvartal skjer trinnvis fram til over påske.
