Hello Kitty-designar gir seg etter 40 år
Designar Yuko Yamaguci (70) har vore Hello Kitty-designar sidan 1980-talet. Ho er den tredje designaren i rekka som har illustrert den kjende figuren, skriv Vogue Hongkong.
På 1980-talet var Hello Kitty ein av dei mest populære karakterane i verda. Etter kvart kunne folk sjå karakteren på alt frå tannkostar og handdukar til klede og vesker.
Yamaguci er kjend for å gå i klede med Hello Kitty-print. No gir ho «stafettpinnen vidare til neste generasjon», seier Sarino, selskapet bak karakteren, skriv AFP.
Ein ny designar skal truleg starte mot slutten av året.
