Kristoffer Eriksen Sundal i gullkampen – fiasko for regjerande OL-meister Lindvik
Det blei store kontrastar for dei norske hopparane under den første omgangen i storbakkerennet i OL.
Kristoffer Eriksen Sundal leverte eit kjempehopp på 136 meter og etablerte seg heilt i tetsjiktet frå start.
– Han har tydeleg med seg mykje energi inn i konkurransen her, seier NRKs ekspert Maren LundbyOgså Johan Andre Forfang hoppa godt.
– Han leverer eit ålreit hopp her, seier Lundby.
Også Johann André Forfang gjorde jobben i Italia. Med eit hopp på 128,5 meter sikra han seg enkelt ein plass i finalen.
For Marius Lindvik blei det derimot ein blytung dag i bakken.
– Det var dessverre litt mislykka for Marius Lindvik. Det ser ikkje ut som han er så komfortabel i tilløpet, seier Lundby.
Ekspertane hadde på førehand peika på at farten ville bli avgjerande på laurdagens renn.
– Altfor dårleg fart. Nesten to kilometer i timen bak dei beste. Då er du sjanselaus. Det heng saman med at han ikkje har funne posisjonen sin i sittestillinga, og då blir det vanskeleg å gjere eit godt skihopp, seier Johan Remen Evensen om Lindvik sitt hopp.
Den regjerande OL-meisteren tok seg ikkje vidare til finaleomgangen i Predazzo i Italia.
Storfavorittane Stefan Kraft og Daniel Tschofenig tok seg heller ikkje til finaleomgangen. Tschofenig blei diskvalifisert for feil skostorleik.
