Mann pågripen etter skyting i Malmö
0
Ein mann i 20-åra er pågripen etter skyting i eit bustadområde i Malmö i Sverige tysdag kveld, skriv Aftonbladet.
Mannen er mistenkt for drapsforsøk.
To personar blei skadd og frakta til sjukehus etter skytinga. Tilstanden til dei skadde er ikkje kjent.
