Åtvarar mot snø på Austlandet
0
Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for mykje snø og vanskelege køyreforhold på delar av Austlandet fredag.
Varselet gjeld hovudsakeleg frå Drammen til Arendal, og omfattar deler av Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder.
Det er venta mellom 10 og 25 centimeter. I tillegg er det meldt om stiv til sterk kuling.
Kombinasjonen av snø og vind gir snøfokk og vanskelege køyreforhold.
