Ny kommisjon skal gi skolar råd om lesing
Regjeringa set ned ein lesekommisjon, som skal gi tydelege råd om korleis barnehagar og skular bør jobbe med lesing.
Norske barn og unge blir dårlegare til å lese, og les mindre enn tidlegare, viser internasjonale undersøkingar.
– Vi treng konkret rettleiing til lærarane. Eg opplever at dei etterspør det. Vi ser i land som England og Australia, der dei har gjort dette, ser vi at dette fungerer, og vi får resultat ganske raskt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun til NRK.
Råda frå lesekommisjonen, som blir leia av professor Marte Blikstad-Balas, skal vere klare mot slutten av året.
