4500 demonstrerte for kurdarar i Syria
Sundag blei det halde ein demonstrasjon i Oslo for å vise støtte til kurdarane i nordaust-Syria.
Om lag 4500 personar demonstrerte mot nye kampar i området og uttrykte uro for følgene av den fornya konflikten mellom den kurdisk-dominerte SDF og styresmaktene i Damaskus.
– Det har gått fint for seg. Det har ikkje vore samanstøyt eller uro, og demonstrantane har fått uttrykkje det dei ønskte, seier Oslo-politiet til NRK.
