Prisane klatra 3,1 prosent i 2025
Prisveksten frå 2024 til 2025 var på 3,1 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er same prisvekst som året før.
Prisvekst på tenester var generelt høgare enn prisveksten på varer.
Samla steig prisane på tenester med 3,6 prosent, medan prisane på varer steig med 2,5 prosent samanlikna med året før.
Men lønene klatra meir enn prisane i fjor.
– Det var ein ganske solid reallønnsvekst i 2025, så eit godt år for norske lønnstakarar, seier Espen Kristiansen i SSB.
Likevel opplever nok mange at dei kanskje ikkje har fått så mykje meir å rutte med. Prisane på mat og drikke steig 5,7 prosent i 2025, målt mot året før.
– Det er uvanleg høgt i eit historisk perspektiv. Dei hushalda som brukar mykje av pengane sine på mat, vil oppleve at sine levekostnader har auka meir enn dei 3,1 prosenta, seier Kristiansen.
