Ingen brannskada pasientar frå Sveits kjem til Noreg
0
Ingen pasientar etter dødsbrannen i Sveits kjem til Noreg for behandling, ifølge Helse- og omsorgsdepartementet.
– Pasientane frå brannen i Sveits er no transportert til dei næraste landa. Det blir derfor per no ikkje aktuelt å bruke kapasiteten på Haukeland universitetssjukehus, skriv departementet.
Etter brannen sa helseminister Jan Christian Vestre at Haukeland var klare for å ta imot to pasientar frå Sveits.
