Mjøs Persen vraka frå sikker stortingsplass
Representantskapet til Arbeidarpartiet i Bergen vraka måndag kveld fylkesleiar i Vestland Ap, Marte Mjøs Persen, til sikker plass på stortingslista i Hordaland valkrets.
– Eg er glad for støtta eg fekk frå dei som stemte på meg, men tar til etterretning at eit fleirtal ikkje ønsker meg på sikker plass, skriv ho til NRK.
Nominasjonskomiteen i Hordaland Ap ønsker ikkje den tidlegare Bergen-ordføraren og statsråden blant dei tre øvste plassane, og representantskapet er dermed einig.
Persen tapte kampvotering om både 3. og 4.-plassen på lista, skriv BT.
Lubna Jaffery og Rune Bakervik vart vald øvst på lista, utan motkandidatar.
Den endelege lista blir avgjort på Ap sitt nominasjonsmøte 30. november.
Til NRK skriv Persen at ho skal «bruke tida fram til nominasjonsmøtet godt med å bidra til å sikre gode vedtak for Bergen og Vestland i statsbudsjettet for neste år.»